Fjernfasilitering — Tips og triks for å holde møter og workshops fra heimekontoret

Det kan være utfordrande å samhandle med kundar og kollegaer frå heimekontoret. Her er mine beste tips for enkel fasilitering via video.

Denne artikkelen blir kontinuerlig oppdatert med tips og erfaringar. Send meg gjerne innspel på are@kjernekaren.no.

Andre har laga gode oversikter over gode samhandlingsverktøy for kontinuerlig kommunikasjon på Slack, Teams, osv.

Her skal eg ta for meg møter, workshops og andre formar for samhandling via video.

Generelt er det dei følgande formatene som kan fungere for samhandling over video.

1–1 videomøter

Dette er det aller enklaste formatet, som du kan sette i gang med meir eller mindre umiddelbart for å halde kontakten med dine nærmaste kollegaer. For å snakke om jobb, men også for å dele bekymringar og oppmuntre kvarandre til å stå i og halde ut i den ekstreme situasjonen vi er oppe i som samfunn.

Her er nokre anbefalte plattformer for 1–1-møter:

Whereby.com

Whereby er ein norsk leverandør som tilbyr ein ekstremt enkel og gratis plattform for 1–1 møter.

Det er ekstremt enkelt å komme i gang, ingen softwareinstallasjonar, og kapasiteten ser ut til å være veldig god trass stor pågang. Sterkt anbefalt.

For min eigen del vil eg forsøke å holde fram med kaffiprating, coaching og sparring som normalt, men no i koronastyle via Whereby. Du kan booke ein gratis kaffiprat/rådgivingstime via calendly.

Slack, teams og ei rekke andre samhandlingsplattformar har også enkle videomøter innebygd. Anbefalt hvis alle er på samme plattform

Arbeidsmøter med fleire deltakarar

For enkle arbeidsmøter er det mange gode alternativer. Nevnte whereby.com tilbyr gratis møter for inntil 4 deltakarar, og ein knapp hundrings pr månad for inntil 12 deltakarar. Andre gode alternativer er Google Hangout, Zoom og Jitsi (eg legger til fleire her etterkvart).

Whereby og Google Docs

For enkle arbeidsmøter er mitt beste og enklaste tips å simpelthen bruke Whereby og Google Docs:

Skjermbilde frå eit arbeidsmøte med Kompetanse Norge.

Eg hadde veldig kort tid til å forberede dette møtet, så eg bestemte meg for å dele skjermen min med agendaen i eit Google-dokument. Her noterte eg fortløpande innspel og kommentarar, og “masserte” dette om til dokumentasjon og beslutningar i det samme dokumentet. Funka kjempefint!

Videorundtur FTW!

Ein fantastisk og superenkel icebreaker-øvelse er “videorundtur”. Det vil seie at kvar deltakar tar med seg laptopen med webkameraet på ein liten rundtur på heimekontoret. Maksimer vinduet til den som viser rundt, og la dei fortelle om korleis dei har det. Hilse på bikkja og vise fram utsikta.

Videoworkshops

Google Docs funka fint for eit enkelt arbeidsmøte, men også meir omfattande workshop er fullt mulig å gjennomføre online.

Det finst ei rekke gode verktøy for å halde strukturerte workshops, med gode malar, god struktur og enkle former for samhandling og involvering av deltakarar.

For meir omfattande workshops planlegger eg framover å bruke Mural.co som plattform for fasilitering. Eg er godt i gang med å lage ein mal i Mural for å holde kjerneverkstad.

Alternativet er Miro, men Mural ser ut til å være enklare og bedre for å strukturere møter.

Oppdaterte tips, erfaringar og malar blir lagt inn her etterkvart.

Gode tips om fjernfasilitering kan du finne m.a. hos NilsenNormanGroup og hos nevnte Mural.

Brukartesting

Det er heller ingen grunn til å slutte med brukartesting, sjølv om testdeltakarane ikkje kan møte opp fysisk. Teston er ein norsk startup som tilbyr enkel og billig fjerntesting. Sterkt anbefalt!

Som sagt, denne artikkelen vil bli kontinuerlig oppdatert. Send gjerne tips til are@kjernekaren.no. Eg vil også sende ut oppdateringar via nyheitsbrevet mitt, så meld deg gjerne på her.

Lykke til, vi snakkast på video!

Mvh. Are

Kjernekaren

Kjernekar, syklist og far til 3 + kjernemodellen. Trenger du sparring, foredrag eller workshop? Kontakt meg på kjernekaren.no. // Inventor of the Core Model.

Get the Medium app

A button that says 'Download on the App Store', and if clicked it will lead you to the iOS App store
A button that says 'Get it on, Google Play', and if clicked it will lead you to the Google Play store